All honnør til alle dykk som står på for å få undervisninga til å gå

 

Fra Kirsti Nordstrand –

«ingenting er så gale at det ikkje er godt for noko» …

 

 

… heiter det på munnhellet. Me vart kasta inn i ein ny situasjon ved at universitetet vart fysisk stengt som konsekvens av coronasituasjonen. All undervisning skal no vere nettbasert til universitetet opnar opp att.

Første veka var det heller ikkje all programvare som var på plass frå start, så her var det berre å prøve seg, og tenke kreativt.

Ved IGS kasta undervisarar seg rundt og laga opplegg for si undervisning, og det var prøvd ut ulike metodar og kanalar. Mange har sagt at no får me prøvd ut metodar me har tenkt på ei stund, så det er ei positiv haldning til situasjonen.

Undervisninga ved IGS er variert, frå eit par studentar til over 250 på det meste. Det seier seg sjølv at det som fungerer for ei undervisningsgruppe ikkje nødvendigvis fungerer for andre.

Første veke på nett har IGS hatt alt frå forelesingsrekker i Adobe connect med chatkanal for spørsmål undervegs, til miniforelesingsvideoar i Kaltura med diskusjonsforum i MittUiB. For ikkje å snakke om disputas i Teams!

All honnør til alle dykk som står på for å få undervisninga til å gå «som normalt».

Del gjerne erfaringar i det nyoppretta Team`et IGS digital undervisning. Du kan sjølv melde deg inn ved å trykke «join/bli med i team», og skriv inn t0tt0og

Her er litt tips om digital arbeidskvardag; https://www.uib.no/hr/134621/ansatte