Insentivmidler utdanning 2020

New deadline: 30 April

Universitetet lyser ut til saman 2,1 millionar kr i insentivmidlar for kvalitetshevande tiltak i utdanningane.

Fokusområdet i 2020 er utvikling av studieprogram og emne i tråd med UiB sitt kvalitetssystem for utdanning. Det skal vere eit retningsgjevande og meiningsfylt samsvar mellom læringsaktivitetar, undervisning og vurderingsform med utgongspunkt i læringsutbyttet for det aktuelle emnet eller programmet. Ein må vise til systematisk og gjennomtenkt utvikling.

Prosjektet må vere tidsavgrensa. For prosjekt som vil gå over eit år, kan ein søke på nytt i neste runde (stiller då likt med alle andre).

Sjå vedlegg for meir informasjon om utlysing og retningslinjer for søknad.