Invitasjon til avslutting for professor Karin Anna Petersen ved Universitetet i Bergen

Profilbilde Karin Anna Petersen24. mai 2021 fyller Karin Anna Petersen 70 år og trer av som professor i sjukepleievitskap ved Universitetet i Bergen (UiB). Me ynskjer å takke Karin Anna for den store innsatsen ho har lagt ned i forskingsgruppa Praxeologi ved UiB. I den samanheng inviterer me til seminar og middag onsdag 27. oktober 2021.

Stipulert program:

10.00 ­- 16.00    Fagleg seminar ved Universitetet i Bergen
Detaljert program vert sendt ut så snart det er klart.

Dei som ynskjer å vere fysisk til stades ved seminaret på UIB, melder frå til Jeanne Boge. Det same gjer dei som ynskjer å delta på seminaret via Zoom.

16.30 – 18.00   Personlege helsingar

Dei som ikkje deltek ved middagen kan melde frå til Jeanne Boge om dei ynskjer å seie nokre ord til Karin Anna via Zoom.

19.00 – 24.00   Middag

Meld frå til Åshild Lunde om du ynskjer å delta ved middagen og om du ynskjer seie noko til Karin Anna under måltidet.

Seminaret er gratis, men det kan vere at den enkelte må bidra med eit mindre beløp til mat og drikke. Tilreisande ordnar sjølve kost og losji. Sett av dagen/ettermiddagen/kvelden.

På vegne av forskingsgruppa Praxeologi, vennleg helsing

Åshild Lunde
Fyrsteamanuensis
Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Universitetet i Bergen
Mobil: 40483382
E-post: ashild.lunde@uib.no
Jeanne Boge
Professor i sjukepleie
Master i klinisk sjukepleie
Høgskulen på Vestlandet
Mobil: 96206791
E-post: jhb@hvl.no