Nye UiB / MED stipendiatstillinger – søknadsfrist 9. feb

fra utlysning:

Stipendiat (5 MNT stillingar)

Ved Det medisinske fakultet er det ledig fem (5) MNT (matematikk, naturvitskap, teknologi) stipendiatstillingar frå 1. september 2020.

Stipendiatar vert tilsett i 100 % stilling for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt fire (4) månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire (4) år. Pliktarbeidet kan til dømes vera utviklingsarbeid, undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet/eininga.

Stillingane vil verte knytte opp mot det instituttet som det er naturleg at prosjekta høyrer inn under. Les mer.